Et kjekt leserinnlegg fra en Ironman 70,3-debutant (triathlon)

Postet av Sverre Flatebø den 15. Jun 2015

Hei dere.

Sjømannsidretten har fått tilsendt en hyggelig "racebrief" fra en sjømann som har debutert med deltagelse i Ironman 70,3 i Sveits (70,3 = 1900 m svømming, 90 km sykling og 21 km løping). Håper dere vil lese og gi tilbakemeldinger
(Sjømannsidretten ved undertegnede er spesielt svak for triatlon da det gir så stor variasjon i treningen!)

Triathlon 70.3 Jona - Rapperswil


Etter å ha drøymt om å delta på triathlon i mange år, vart draumen endeleg ein realitet.

Dei siste månadane har gått med til planlegging, trening, kjøp av utstyr osv. i tillegg til kvardagen og dei pliktene ein elles har i livet.

7. juni var endeleg den store dagen kommen, og eg fekk moglegheita til å delta og fullføre konkurransen.

Sidan eg ikkje er „superatlet“ hadde eg ikkje triathlon sykkel, men fekk låne racersykkel av ein venn til bruk i konkurransen. Og ny våtdrakt måtte eg kjøpe, korleis det gjekk kan du lese meir om.

Dagen før konkurransen, altso laurdag reiste eg saman med kona til Jona-Rapperswil, der me hadde overnatting hos ein venn. Laurdagen gjekk med til praktiske forhald, info møte, registrering av sykkel, pakking av poser med sykkel og løpe utstyr til konkurransedagen.

Neste morgon var det opp tidleg, og starte dagen med dei gjeremål som måtte til.

Etter frukost bar det avgårde til arrangementsområdet, der eg sjekka sykkel og innhald i sykkel og løpe posane. Det var start i ulike puljer, og mi aldersgruppe var nest sist, so dei første deltakarane var alt ute av vatnet før eg starta.


Etter at våtdrakt var på og litt oppvarmingssvømming, var det mi gruppe si tur til å gå i vatnet. Svømte til startstrek eller meir korrekt – startetau, og fra kontrollbåt vart det annonsert antal minutter til start. So gjekk startskotet, og eg var i gang. Dei første meterane svømte eg krål, men oppdaga fort at nesten alle andre svømte fortare enn eg og eg måtte la dei passere. Det var ikkje lenge før eg måtte endra til bryst svømming, da det var anstrengande å svømme krål med våtdrakt og merka og at drakta klemte litt rundt leggen so eg fekk antydning til krampe, so eg bestemte å endre svømmemetode til bryst. Brukte lengre tid enn beregna, men klarte svømmerunden innan maks tida(1 t. 10 minutter) som var kravet.

Kom meg ut av vatnet, og so var tid for første skifte til sykkeldelen. Brukte tida eg trengte og var blant dei siste til å starte syklinga, og mange av dei andre deltakarane var alt byrja 2. runde da eg kom syklande. Syklinga gjekk stort sett greitt, dei fleste sykla fortare enn eg og andre runde var eg mest åleina på vegen, såg berre 5-6 andre deltakarer. Undervegs på sykkelen teinkte eg på halvmarathon som venta og måtte ikkje sykle for fort, da eg treng krefter til løpinga. Eg gjekk av sykkelen 2-3 gonger, da eg kjente det i musklane, spesielt i motbakker, so eg steig av sykkelen og tok nokre sekunder pause. Omsider kom eg til slutten av sykkeldelen, og skifte til løp, og starten var grusom. Eg klarte ikkje løpe fort og dei første kilometrane måtte eg kombinere kjapp gange og springing. Da eg merka korleis starten var, teinkte eg at blir det ikkjelettare, vil eg ikkje klare å fullføre. Heldigvis gjekk det betre og betre, og klarte å fullføre halvmarathonet. Eg merka antydning til krampe i leggen nokre gonger, da slakka eg litt ned på tempo so eg skal klare å fullføre dei 21,1 kilometrane.






Eg fulgte med på tida og visste kravet var 7 timer 30 minutt for å bli akseptert „finisher“ av triathlon 70,3, so eg visste det kom til å bli veldig nært kravet. Eg gav det eg kunne dei siste kilomatrane, og kom i mål med tida 7 timer, 29 minutt og 49 sekund! Eg var siste som klarte kravet til „Finisher“ og fekk medalje og eg var sjølsagt kjempefornøyd.



Venleg helsing

Stein Are Veum Nilsen




1 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.